– Maiken var i dialog med lege før start. Ho fortalde at ho ikkje var i toppform, men det blei bestemt at ho likevel skulle gå, seier medieansvarleg for langrenn i Norges Skiforbund, Gro Eide, til NTB.
Maiken Caspersen Falla er stort sett alltid blant dei fyrste etter prologen. Men i dagens sprintprolog i Planica enda den olympiske meisteren heilt nede på ein 45.-plass.
Det betyr at Falla er ute av dagens sprint og får ingen moglegheit til å forsvare leiinga i sprintcupen. Den har ho etter siger både i Kuusamo og Toblach før jul, i tillegg til etappesiger på opningsdistansen i Tour de Ski, skøytesprinten i Lenzerheide.
Falla reiser nå heim igjen til Norge og går ikkje morgondagens lagsprint, ifølgje NTB.
Astrid Uhrenholdt Jacobsen var derimot raskast i prologen og var heile 2,8 sekund framfor nummer to Nadine Faendrich frå Sveits.
Berre tre andre norske kvinner kom seg vidare frå prologen. Ingvild Flugstad Østberg blei nummer 5, Kathrine Harsem nummer 17 og Heidi Weng gjekk inn til ein 24.-plass.
Mari Eide og Kari Vikhagen Gjeitnes på høvesvis 33 og 38.-plass får me ikkje sjå meir av på dagens skøytesprint i Planica.
Gløersen og Golberg ute
I herranes prolog var det ingen nordmenn heilt i tet. Sondre Turvoll Fossli blei beste nordmann på sjuandeplass, 2,9 sekund bak bestemann Federico Pellegrino.
Ytterlegare fem nordmenn er vidare til kvartfinaleheata. Eirik Brandsdal blei nummer åtte, Andreas Myran Stenn nummer ni, Ola Vigen Hattestad på 25.-plass og Eivind Bakkene som debuterer i verdscupsamanheng i utlandet blei nummer 28.
Håvard Solås Taugbøl, Anders Gløersen og Pål Golberg røyk ut av prologen av dei norske.
Kvartfinalane ser du på NRK 1 og nrk.no frå 10.50.